- Ein må tore å ta risiko og utfordre frykta dersom ein skal lykkast i næringslivet, sa Tore Ulstein, som også er styreleiar og visekonsernsjef i Ulstein Group.

Han heldt innegget "forsking og innovasjn som drivkraft for næringsutvikling". Der slo han fat at det ikkje er mogleg å få til omstilling i ei bedrift utan at ein tenkjer nyskaping og innovasjon.

Og for å skape vekst er det avgjerande med ei satsing på forsking, insisterte NHO-leiaren.

NHO-presidenten meiner det må vere ei kopling mellom universitet og forskingsinstitusjonar og høgskular for å å skape innovasjon.

- Dette kan skje på ulike møtar. Eit viktig verkemiddel er forskarmobilitet, det vil seie at forskarane kjem seg ut i verksemdene og kan dra med seg komptetanse attende til kontoret. Den interaksjonen trur eg kan bli betre i dag.

Ulstein slo fast at erfaringsbasert kunnskap er viktig for å kunne løyse, og meinte det må satsast meir å dette i næringslivet. Elles ivra Ulstein for at ein braut med flokkmentaliteten dersom ein skulle kome vidare og få utvikling.