Førre veke leverte Fujian Mawei Shipbuilding sitt nybygg MW627-1, eit Havyard 832 plattformforsyningsskip, til SINOPEC Shanghai Offshore Petroleum Bureau Shipping Branch Company.

Først, og foran planen

I februar 2013 skreiv Havyard Design & Solutions ein kontrakt med Fujien Mawei Shipbuilding på levering av ein designpakke for bygging av ein Havyard 832 PSV til Sinopec. Førre veke, ein måned før den avtalte leveringsdatoen, levert verftet skipet til reiaren.

Dette skipet er den første Havyard 832 PSV levert frå eit kinesisk verft. Det er det første Havyard designTM klassifisert av China Classification Society (CCS). Havyard har samarbeidd tett med reiarlag, skipsverft og klasseselskap i løpet av prosjektet. Designerane frå Havyard har besøkt byggjeverftet og CCS approbasjonssenter i ein planlagt intervall for å sikre at designarbeidet støttar ein straumlinjeforma byggjeprosess.

Skipet har fått namnet «Kan Tan 312" og går rett i arbeid i Sør-Kinahavet.