Bustyrar Erling Flisnes stiller spørsmål ved om Kvalsvik Produksjon burde ha avvikla noko tidlegare. Det kom fram under rettsmøtet i Sunnmøre tingrett måndag ettermiddag, skriv smp.no.

Sjølv om Flisnes meiner det er fleire formildande omstende, meiner bustyraren at det bør etterforskast nærare om det er ligg føre brot på plikta til å melde oppbod i tide.

Summen av uteståande fordringar er 12,2 millionar kroner. I tillegg kjem lønskrav på i alt 15,1 millionar. Hittil er lønsgaranti på 1,5 millionar kroner tilkjent.

Kvalsvik Produksjon omsette for rundt 26 millionar kroner i året. Produksjonslokalet var i eit kommunalt bygg på Dombås, medan hovudkontoret var på Hareid og salsavdelinga i Ulsteinvik.

smp.no