Soneleiar Gunn Hofset i Ulstein kommune fortel at kommunen søkte på statlege midlar, og fekk stønad til ein musikkterapeut i 20 %-stilling i eit år. Sidan årsskiftet har Ingrid Nerhoel brukt ein arbeidsdag i veka til å nå fram til brukarar med song og musikk.

– Me ser at song og musikk er veldig viktig for livskvaliteten, så me håpar at dette ordninga kan halde fram, også når året er omme, seier Hofset.

Startar på Alvehaugen

Onsdagane er litt av ein maratondag for Nerhoel. Ho startar med individuelle besøk til romma til 4–5 demente, som aldri går ut av romma sine.

Musikkterapeuten fortel at ho prøver å nå fram til dei med songar som har betydd mykje for dei. Det kan vere sviskar frå 60-talet eller songar frå skulesongboka, gjerne etter tips frå pårørande.

Det er to demensavdelingar på Alvehaugen. Nerhoel gjennomfører ei musikksamling på 45 minutt på kvar avdeling. Nerhoel prøver å sjå einskildpersonane og lar kvar av brukarane få plukke seg ut ein song dei speler og syng i lag.

Ein del pasientar som har gløymd å snakke, klarer å syngje.

Vidare til Petterbakken

Medan dei eldre på Alvehaugen kviler middag, kjem Nerhoel ned til Ulstein Sanse- og Aktivitetssenter i Petterbakken der brukarane alltid gler seg stort til ho kjem. Også her får brukarane velje seg kvar sin song, nokre meir ivrige enn andre, men alle ser ut til å setje stor pris på desse songstundene.

Det er stor variasjon i kva som blir sunge på desse samlingane. Då lokalavisa var med var det alt frå barnesongar, til Månemannen av Vamp og fotballsongar.

– Ein del vil ha barnesongar, men nokre treng noko meir. Eg prøver å gje dei noko nytt å strekkje seg etter også, forklarer Nerhoel.

Utstyr frå Saniteten

Saniteten har gjeve USAS pengar så dei har fått kjøpt inn bassgitar, keyboard, notestativ og mikrofon med stativ. Det er dei veldig takksame for. Ved hjelp av eit fargeoppsett Stig Grimstad har utvikla, kan ein del av brukarane spele på desse instrumenta.