For dei av oss som skal feire påska heime på Ytre Søre Sunnmøre, er ikkje verutsiktene dei aller beste.

Yr.no melder at det i dag, tysdag, skal bli gløtt av sol, lett bris og opp mot pluss 5 grader.

Onsdag skal bli overskya, by på laber bris frå sørvest og ein temperatur midt på dag opp til pluss 4 grader.

Skjærtorsdag skal heller ikkje bli så varm. Temperaturen skal ifølgje Yr.no kome opp i pluss 3 grader, vi kan få glimt av sol, men også litt nedbør. Vinden skal torsdag snu frå vest-sørvest til litt bris 5 m/s frå nordvest.

Yr.no