- Dette blir plassen å gå til på Hareid, seier Henriette Møller til Vikebladet Vestposten.

Møller er eigar av og driftssjef for den nye utgåva av Napoli på Hareid, medan sambuaren hennar Munir Rajab er ny dagleg leiar. Paret kjem frå Vestnes, der begge har jobba innan serviceyrket dei siste åra. Det vil bli tre fast tilsette ved restauranten, og ein ekstra servitør som hjelper til i helgene.

Awara Majid eig framleis lokala restauranten held til i, og han har med god hjelp frå Ålesunds-firmaet Skandium fått pussa opp lokala totalt. Alt av dei eksklusive møblane og designdetaljane kjem frå Italia, og den siste månaden har ein jobba hardt for å få på plass kvar einaste vesle detalj. Då Vikebladet Vestposten tok turen tysdag, var restauranten nesten heilt ferdig, med unntak av nokre små detaljar.

- Det har teke på, men no er vi endeleg i mål. Vi satsar på flott og funksjonelt design og eit lokale som folk ynskjer å kome tilbake til. Det skal vere ei flott oppleving å kome innom oss for god mat og drikke. Hareid treng eit slikt tilbod, og vi gler oss til å ta i mot mange kjekke gjestar, seier Munir Rajab og Henriette Møller.

Held fram med catering

Hovuddelen av drifta blir restaurantdrift, men på kveldstid og i helgene blir det alkoholservering. Etter kvart håpar duoen Møller og Rajab å også få servere sprit. Eit eige rom i lokalet blir kombinert konferanserom og sportsrom, der det vil bli vist fotballkampar. Verksemda kjem også til å halde fram med catering og utkøyring av mat. Fleire bedrifter på Hareid har nytta Napoli, mellom anna til overtidsmat.

- Vi skal sjølvsagt framleis også bringe mat ut til kundane våre, slik som Napoli alltid har gjort, seier dagleg leiar Rajab.