Tysdag 31. mars var det ei kvinne frå Herøy som vart trukke ut som Extra-kandidat. Då Norsk Tipping ringde og fortalde kvinna at ho var trukke ut til å vere Extra-kandidat vart ho veldig glad.

- Nei, så hyggeleg! Du store, eg får sjokk eg no. Eg er veldig glad berre for startsummen eg, fortel kvinna som vil vere anonym.

Ho spelte på same dag som ho vart trukke ut. På premiestigen starta ho på 320 000 kroner. Kvinna har vore fast speler av Extra sidan det starta. Tidlegare har ho berre vunne småsummar, så dette syntest ho var ein fantastisk start på påska.

Med tre tal på vinnarbrettet klatra ho fort opp til topp-premien på to millionar.

- At eg skulle gå heilt til topps er heilt utruleg! Eg såg på sendinga saman med ektemannen min, og det har ikkje gått heilt opp for oss, sa den lukkelege vinnaren etter TV-sendinga.

Vinnarsjanse per kupong: 1:6. Sjansen for å bli trukke ut som Extra-kandidat er 1:360.000.