- Det er hypotetisk, men er eitt av fleire moglege resultat av prosessen vi er inne i, seier Per Sævik til avisa Vestlandsnytt.

Den planlagde fusjonen mellom Fjord1 og Norled verkar å falle i fisk, men begge selskapa er framleis i spel.

- Du kan gjerne seie vi sit på gjerdet, men i realiteten har vi ikkje noko anna val. Intensjonsavtalen som kom opp sist veke med ein eventuell fusjon mellom Fjord1 og Norled kom rimeleg raskt på oss. Vi røysta derfor blankt då styret vedtok denne avtalen, seier adm.dir. Per Sævik i familieselskapet Havilafjord AS, til Vestlandsnytt.

Selskapet tok i 2011 over Møre og Romsdal sine aksjonar i Fjord1. Dei andre 50 prosenta er det Sogn og Fjordane fylkeskommune som eig.