Fleire ambulansar, politiet og brannvesenet er på staden. Eit vitne på staden fortel om saktegåande trafikk frå Ulsteinvik mot rundkøyringa på Strandabøen, og vidare i retning Hasundkrysset.

To bilar involvert

To bilar er involvert i ulukka, ifølgje journalisten til Vikebladet Vestposten, som er på staden. Ein av bilane ligg på sida, medan ein annan står i busslomma. Den sistnemnde bilen har fått trykt inn fronten.

Politiet melder om lettare personskade som følgje av kollisjonen. Det er manuell dirigering på staden, og lange køar forbi ulukkesstaden.

Sunnmøre politidistrikt seier i ei oppdatering at ein person har blitt frakta til sjukehus med lettare skader.

- Ein person har ikkje overholdt vikeplikta og det blir oppretta trafikksak. Det er teke beslag i føraren sitt førarkort, fortel Per Åge Ferstad i Sunnmøre politidistrikt.

To bilar var involverte i ei trafikkulukke i Dimnakrysset tysdag ettermiddag. Foto: Andreas Bjerknes.