Både ordførar i Sande Dag Vaagen og hareidsordførar Anders Riise vart vraka under generalforsamlinga i Rovdefjordbrua nyleg.

Vaagen vart vraka frå styret, medan Riise ikkje fekk ny tillit som leiar av valnemnda.

Særleg utskiftinga av Vaagen frå styret har vekt oppsikt. Valnemnda innstilte nemleg på attval.

Vaagen sjølv seier til Vestlandsnytt at han ser på vrakinga som eit «takk for sist» etter striden om finansieringsplanen tidlegare i år. Han er også overraska over at styreleiar Magne Løvoll nytta fullmakta han hadde fått frå Sande kommune til å støtte eit benkeforslag mot Vaagen sitt kandidatur.

Vaagen var, till liks med leiaren i valnemnda, Anders Riise, ikkje tilstades på generalforsamlinga. I staden for Vaagen vart Olav Myklebust vald inn i det nye styret. Myklebust fekk 184 aksjonærstemmer mot Vaagen sine 72.

Til ny leiar av valnemnda vart Per Halsebakke vald med 256 stemmer mot 1 stemme for Riise.

Ulsteinordførar Jan Berset held derimot fram i styret.