Norled meldte 10.48 at B-ferja i sambandet Hareid - Sulesund var midlertidig innstilt.

- Grunna tekniske problem vil rute B bli innstilt inntil vidare, skriv ferjeselskapet på sine nettsider like før 11.00. Litt tidlegare sende dei ut melding om forseinking grunna tekniske problem.

Torsdag ettermiddag var det A-ferja på sambandet som måtte stå over ein avgang frå Hareid.

Like før 11:30 avgangen frå Sulesund vart det meldt frå Norled at B-ferja skal vere tilbake i normal drift.