Nettavisa Nett.no melder at ferdiggjeringa av konstruksjonsskipet Grand Canyon III kan bli utsett på grunn av den usikre marknadssituasjonen.

Søsterskipet Grand Canyon II vart levert frå Kleven-verftet Myklebust i mars i år. Det er Volstad Marine som har kontrahert skipa, som er dei største skipa som til no har blitt bygde ved Myklebust Verft.

Lengda er på 126 meter, og breidda på 25 meter. Dei er innreidde for 104 personar.

Dei tilsette ved Myklebust Verft skal i følgje Nett.no har blitt orienterte om at leveringa av Grand Canyon III kan bli utsette.

Verken konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven eller direktør Finn Syversen i Volstad Management vil uttale seg.

Nett.no