Under den internasjnale skipskonferansen Marine Propulsion i London denne veka, vann Stadt prisen i kategorien Elektriske System 2015. Det vart delt ut prisar i sju kategoriar, og Stadt var einaste norske prisvinnar.

- Eg ser på denne prisen som ei viktig stadfesting frå marknaden om at vi har lukkast godt med den patenterte No-Loss elektriske framdriftsteknologien, kommenterer Hallvord Slettevoll.

Slettevoll og Nora Longum var til stades under prisutdelinga.

Stadt har spesialisert seg på elekriske framdriftssystem. I 2014 fekk selskapet Offshore Support Journal sin miljøpris for den same teknologien som dei fekk pris for i London denne veka.