Tom Emil Olsen frå Ulsteinvik har hamna på lista over dei 100 mest kreative talenta i verda, og under Designdagen fekk byrået hans «Merket for god desing» to gonger.

Tom Emil (39) er son til Eli Anne og Odd Jørgen (Odda) Olsen, og oppvaksen i Sundgotmarka. Han starta karrieren sin hos Tegneren i Ulsteinvik og jobba deretter i åtte år som art director og kreativ leiar hos Havnevik i Ålesund.

- Etter kvart fekk eg behov for å utvikle meg vidare, og eg bestemte meg for å flytte til Bergen, fortel Olsen.

Eineaksjonær

Der stifta han designselskapet Kind, som han i dag har alle aksjar i.

- Eg kjende ingen i Bergen, og når eg ikkje er saman med dei tre borna mine, som framleis har Ulsteinvik som base, så jobbar eg nærast døgnet rundt.Og jobbinga har så avgjort gitt frukter. Tysdag var han i Oslo og mottok den største prisen i norsk designbransje, «Merket for god design» frå Norsk Designråd. Kind og Tom Emil fekk utmerkinga både for jobben dei har gjort for Coldwater Prawns of Norway med hovudkontor i Ålesund, og for 7 Fjell Bryggeri i Bergen.

Tidlegare har han blant anna fått gull i «Årets vakreste bøker», og han står oppført på Adweek Magazin i USA si liste over ««Topp 100 kreative talent i verda». Han er også oppført  på Social Design Council si liste i Storbritannia over «Top 10 Scandinavian Designers».

Intervjua i New York Times

Arbeida hans er publiserte i eit hundretals designbøker, og artiklar om Tom Emil og arbeida hans er publiserte i blant anna Computer Arts og New York Times. - Eg har store ambisjonar for Kind. Kontoret har hovudbase i Bergen med seks tilsette, men vi har avdelingskontor i Storbritannia og Kina, og målet er å ekspandere vidare. Tom Emil ser ikkje mørkt på at blant anna oljebransjen er inne i ein nedgangsperiode.

- Konkurransefortrinn, ikkje staffasje

- Spesielt i nedgangstider er det viktig å satse på marknadsføring og design. Mottoet mitt er at design skal vere eit konkurransefortrinn, ikkje staffasje, svarer Olsen.

Han trekkjer fram Coldwater Prawns of Norway som eit døme. I utgangspunktet tre konkurrentar som sleit med å tene pengar, men som fekk strategihjelp og slo seg saman. I løpet av seks år er omsetninga i det nye selskapet 29-dobla.

- Eg har jobba med dagleg leiar Knut Helge Vestre sidan oppstarten i Coldwater Prawns i 2007, og viljen deira til å tenke nytt har blitt ein suksess for begge patar, seier Tom Emil Olsen.