I førre utgåve av Vikebladet Vestposten uttalte Heidi Strand (H) at ho heller vil ha Arena Ulstein enn ny kyrkje. Dette reagerer Hannelore Måseide (V) på.

- Eg sat som kommunen sin representant i Fellesrådet. Vi har sendt Ulstein kommunestyre ei tilråding om å byggje ny kyrkje på Store Vikholmen. Ei tilråding som vart gjort med leiaren si dobbelrøyst. Eg meinte vi kunne satse på bygging ved dagens kyrkje, fortel Måseide.

Poenget hennar er at dersom det hadde blitt satsa på eit Arena Ulstein i eit litt mindre format, så kunne det også ha blitt økonomisk rom for å byggje ei ny kyrkje, om enn ikkje eit signalbygg.

- Det burde gå an å skalere Ulstein Arena litt ned, utan at det vart annanrangs.

Måseide etterlyser litt meir økonomisk edruskap blant politikarane, og peikar på at 80 prosent av innbyggjarane i Ulstein er medlemer av Statskyrkja, og at  kyrkja i dag har fleire lovpålagde oppgåver som er vanskelege å gjennomføre i det gamle kyrkjebygget. Ho forstår soknet sitt behov for ei arbeidskyrkje.