Då Bigset Blandakor sist sommar annonserte at dei ville nytte songåret 2014/15 til å øve inn stoff til ein konsert med salmar frå ulike tider og frå ulike land, melde latviske Ieva Konona seg til teneste.

I dag søndag er ho til og med solist når Bigset Blandakor framfører det kyrkjemusikalske programmet ”Akk, mon min vei” i Volda og Hareid kyrkjer.

Sidan Ieva har kjennskap til det russiske språket vart ho utfordra til å synge solo på den russisk-ortodokse salmen ”Sviati boje”, som heiter ”Heilage Herre” i Robert Skeide si språkdrakt. Salmen er henta frå den ortodokse messeliturgien og er komponert av sjølvaste  Peter Tsjaikovsky.

Elskar Blix- og Hovden-salmane

Ieva har budd i Norge i berre to år, men meistrar språket godt og har lagt sin elsk på dei to klassiske nynorsksalmane og sol-salmane ”No soli bak om blåe fjell” av Elias Blix og ”Ned i vester soli glader” av Anders Hovden.

– Dei har så vakre tekstar og melodiar, seier Ieva, som ofte tek til å synge på Anders Hovden sin kveldssalme når ho set seg i bilen og køyrer frå bustaden i Hjørungavåg til arbeidsplassen Bigset barnehage.

Ieva er nemleg førskulelærar. I tillegg er ho logopedutdanna.

Ieva sin ektefelle kom til Norge eit år før Ieva. Han er snekkar, og er også glad i å synge. Ieva har tre gutar. Dei to eldste – på 24 og 22 år – bur heime i Latvia, medan yngstemann på 11 bur i Hjørungavåg og går på skule der.

Sat heime og omsette tekstane

Det er sjølvsagt ei utfordring å kome til Norge frå eit land med eit heilt anna grammatisk system. Ieva fortel at ho har vore elev ved Ressurssenteret på Hareid og at ho ikkje minst har lært språket gjennom arbeidet sitt.

Ho kjende nokre av songane frå før – slike som dei engelskspråklege ”’Tis the old ship of Zion”, ”Peace in the valley” og ”Shine your light”. Men å legge i veg med å lære gamle norske salmetekstar var ikkje heilt enkelt.

- Eg sat heime og omsette dei til latvisk, fortel ho. – Sjølv om eg ikkje alltid forstod orda, forstod eg essensen – og etter kvart kom også orda.

Eit par pussige formuleringar har ho lært om no den aller siste tida, bl. a. ordet ”fengjid”, som står i folketonen ”Neslandskyrkja” frå Seljord. – Det betyr ”fått”, har eg fått vite, smiler ho. I same salme er også nemnt ”disk og duk”. – Det var heller ikkje så lett å forstå. Men eg har forstått at det har noko med nattverden å gjere.

Frå ein songarfamilie

Det er ikkje tilfeldig at Ieva melde seg til teneste som korsongar i fjor. Ho kjem nemleg frå ei svært songglad familie. - Besteforeldra mine, foreldra mine og søskena mine syng. Songen har alltid følgt meg. Eg begynte tidleg å synge i barnekor og heldt fram i koret på den vidaregåande skulen og på høgskulen. Eg har også sunge i damekor og blandakor før eg kom hit til Norge, fortel ho.