Ytreberg seier i eit intervju med NRK Møre og Romsdal at Ulstein og Hareid i det vidare arbeidet med kommunereforma må sjå mot Ålesund.

- Vegen frå Ulsteinvik til Ålesund blir mykje kortare når Hafast kjem på plass, så det meiner eg er fornuftig, seier Ytreberg til NRK.

Til no har nordre og søre delen av Sunnmøre hatt samtalar kvar for seg, men ordførarane i Ulstein og Hareid har no signalisert at dei er interesserte i å vurdere Ålesund, og regiondirektøren i NHO oppmodar dei om å ta skrittet fullt ut.

Aller helst ser ho at alle kommunane på Søre Sunnmøre gjekk mot Ålesund.

- Vi treng eit kraftsenter her på Nordvestlandet, seier ho.