Sunnmøre politidistrikt melder måndag ettermiddag at ei kvinne i 50 åra blei pågripe i ein privatbustad i Hareid kommune etter eit angrep på ein offentleg tenestemann.

Politiet var på staden for å gjennomføre ei ransaking då angrepet skal ha skjedd.

– Politiet kom ikkje fysisk til skade under angrepet. Kvinna vart transportert til lensmannskontoret der ho no sit til avhøyr, melder Kenneth Sætre ved operasjonssentralen til Sunnmøre politidistrikt.