Medan gravemaskina tek store jafs av samfunnshuset i Ulsteinvik for å klargjere tomta til det planlagte Arena Ulstein, diskuterer politikarar og bygdefolk heftig om kommunen har råd til denne nye investeringa.

Anbodskonkurransen er gjennomført. Prislappen har no kome opp i 268 millionar kroner. Samstundes reknar kommunen med å få inn ti millionar på å selje parkeringsplassar i parkeringsdelen av bygget, og kommunen vil også få inn 9 millionar ekstre i spelemidlar og liknande. Såleis er det snakk om 21 millionar i auka låneramme.

Ulstein Høgre og Ulstein Arbeidarpartiet meiner Ulstein kommune ikkje har råd til å la vere, medan Framstegspartiet, Venstre, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti meiner kommunen ikkje har råd til denne investeringa. Førre veke var saka oppe i formannskapet, røystetalet vart 4-3 for auka låneramme. Førstkomande torsdag skal saka opp i Ulstein kommunestyre. Også der har Arbeidarpartiet og Høgre fleirtal, men debatten kjem nok til å gå heftig.