Rundt klokka tre måndag ettermiddag meldte Sunnmøre politidistrikt om eit trafikkuhell i Støylesvingen i Holsekerdalen.

- Ein bil hadde køyrt inn i en lyktestolpe. Skade på stolpe, ikkje på personell. Føraren er ei kvinne i midten av 20-åra, opplyser politiet.

Fordi føraren var uoppmerksam slik at ho køyrde inn i stolpen, vil ho bli anmeld for dette.