Hødd er i leiinga i seriekampen mot Brann på Nye Høddvoll. Etter 33 minutt sende Fredrik Aursnes ei genial stikkpasning gjennom Brann-forsvaret. Eirik Ulland Andersen kom på løp og var brått åleine med Brann-keeperen og sette ballen i høgre hjørne.

Dermed 1-0 til Hødd i ein svært spennande kamp så langt.