HØDD-BRANN: "Branndødaren" Fredrik Aursnes runda av Hødd si oppvisning mot Brann med eit nydeleg langskot i det 66. minutt - og dermed vann Hødd heile 3-0 på Nye Høddvoll.

Det kom til å bli ei rett og slett imponerande oppvisning av heimelaget i eit nydeleg vårvêr.

I 2. omgang kom kulden snikande - medan sola fall ned mot horisonten. Men i motsetning til i dei to første seriekampane var det denne gongen varmgang i Hødd-laget også i 2. omgang - og laget vann fullt fortent.

Ja, i store periodar leika Hødd seg med bergensarane.

Brann hadde også sine sjansar, men ein god og heldig Aslak Falch i Hødd-målet kunne notere nok ein kamp med null baklengsmål. Kampar med null i baklengsprotokollen har etter kvart vorte eit varemarke for dette Hødd-laget. Dei forsvarar seg godt. Etter tre kampar har laget sleppt inn berre eitt mål.

Hødd leverte ein god kamp i alle ledd. Banens gigant var nok unge Fredrik Aursnes, som hadde eit bein med i det meste denne  kvelden. I tillegg til tomålsskorar Ulland Andersen og keeper Falch var Ole Amund Sveen ei viktig drivkraft med mange djerve framstøytar. Men på ein dag som dette er det først og fremst rett å framheve kollektivet.

Hødd sin neste kamp er 1.-rundekampen i cupen mot Herd i Ålesund. Den går torsdag. Deretter ventar Bærum på bortebane søndag 26. april og Jerv heime på Høddvoll torsdag 30. april.