– Me har lyst til å lage eit stort show som folk vil hugse, er-klærer Lina Dorthea Solheim Stave.

Ho sit i lag med Zerlina Fonseca og Aurora Shera i PR-komiteen for arrangementet og har teke turen til redaksjonslokala til Vikebladet Vestposten for å informere om den store hendinga.

Grand Prix for sjuandeklassingar har blitt ein innarbeidd tradisjon i Ulstein. På slutten av skuleåret møtest sjuandeklassingane frå heile kommunen for å ha det kjekt i lag og bli betre kjende før dei til hausten byrjar på ungdomsskulen. Det er Ulsteinvik barneskule som arrangerer Grand Prix, med alt det inneber av PR-arbeid, matlaging, pynting og anna. Så kjem sjuandeklassingane frå krinsane tilreisande. Dei tre jentene er samde om at det blir veldig kjekt å få møte og bli kjent med dei andre elevane.

Turne, trikse og trylle

Alle sjuandeklassingane har høve til å melde seg på med ulike bidrag. Det er ikkje berre dei som kan syngje eller spele eit instrument som kan delta, nei her er det ope for mange slags innslag. Du kan få syne ein film du har laga på storskjerm, du kan opptre med drama, vise fram kunst du har laga, turne, danse, trikse med ball eller noko anna du likar.

Sjuandeklassingane likar at dei får opptre med det dei vil, ikkje noko som læraren har bestemt. Det er berre å sende inn ein søknad, det er lærar Oddbjørg Vartdal som godkjenner innslaget.

Det blir kanskje konkurranse, der det blir delt mellom dei som opptrer og dei som syner kunst, men det er ikkje avgjort.

Aurora røper at det også kjem ein gjesteartist, men det er hemmeleg kven det er.

Oppvisning for foreldra

Sjuandeklassingane skal vere i lag nesten ein heil dag.

På kvelden blir det eiga framsyning med sjuandeklassingane frå Ulsteinvik barneskule for foreldre og venar, og dagen etter skal dei syne det fram for dei andre elevane på skulen.

Jentene fortel at Grand Prix er noko dei har gledd seg til i fleire år, for dei har høyrt om kor kjekt det er og gjennom barneskulen har dei fått sett på framsyningane til sjuandeklassingane.

– Me håpar det blir mange påmelde, seier Zerlina.

– Det er så mykje ein kan bidra med, men diverre er det ikkje alle som tør. Men no går me i sjuandeklasse, så det er ingen som ler av andre, forsik-rar Lina.