Professor Bjarne Jensen tvilar på at Noreg er tent med ei storstilt kommunesamanslåing. Han har meir tru på regionråd og liknande samarbeid.

– Eg trur at ei betre løysing enn å slå saman kommunar er at desse kommunane lagar seg ei viss overbygning der dei løyser ein del fellesoppgåver, seier Jensen til Sunnmørsposten.

Han fryktar kommunesamanslåing vil føra til sentralisering og svekkja lokaldemokratiet.

Professoren trekkjer fram Sunnmøre regionråd som eit godt døme på korleis kommunane kan samarbeida om overordna oppgåver utan å slå seg saman.

Han meiner regionråd også kan vera nyttig for å samkøyra oppgåvene overfor fylkeskommunane.

– Fylkeskommunen kan av og til trengja eit spark bak for å gjera dette på ein god måte, og då er det viktig at kommunane samordnar synspunkta sine, seier professoren.