Inngrodde køyremønster er vanskelege å endre hos trafikantane på Hareid ferjekai.

Dei siste vekene har Statens vegvesen testa ut lyssignala som er montert ved Hareid ferjekai. Resultatet har så langt ikkje vore særleg vellukka.

– Bilistane har tydelegvis eit innarbeidd køyremønster som det ikkje er så lett å endre, seier byggeleiar for anlegget, Jan Stian Tafjord.

Det har heller ikkje gjort saka enklare at A-ferja MF «Tidefjord» har vore på service i delar av testperioden og den langt mindre MF «Høgsfjord» har vore sett inn som reserveferje. Dette har ført til svekka kapasitet og til tider mange attståande bilar.

– Det hadde vore enklare å gjennomføre testane under litt rolegare forhold. Vi har slite litt med å få bilistane til å respektere lyssignala, medgir Tafjord.

Vegvesenet har også hatt eigne folk på plass som har freista å rettleia trafikantane, utan at dette har hatt ønska effekt.

Gir blaffen i brustenging

– Eg er ikkje overraska over at det tek litt tid å innarbeide nye køyremønster. Då vi sette i gang eit tilsvarande anlegg på ferjekaia på Magerholm tok det tid før bilistane vart fortrulege med systemet. Men no går det heilt kjempefint, seier Jan Stian Tafjord.

Anlegget har vore steng tned i helga, men mandag morgon startar lyreguleringa opp att. Vegvesenet vil halde fram med utprøving også komande veke og Tafjord vonar at trafikantane på Hareid ferjekai vil ha lært seg det nye systemet innan veka er omme.

Politiet må dirigere ferjetrafikken

Det nye anlegget har åtte felt for automatisk trafikkregulering, og eitt felt for prioritert trafikk. Trafikken vert styrt av lyssignal. Over kvart oppstillingsfelt er det montert grøne og raude lamper og trafikantane skal stille seg opp i felta etter anvising frå desse lampene.

Det er ferjemannskapet som gir signal om at ombordkøyringa skal starte og bilistane køyrer om bord etter anvising frå lyssignala.

Når ein skal køyre i land skjer dette som tidlegare, utan nokon form for lyssignal.

Ilandkjøring går føre seg på vanleg måte utan bruk av lyssignal. Det er elles sett opp eit stort skilt ved det tekniske bygget på Hareid ferjekai som syner kva for ombordkøyringsfiler som har klarsignal og kva filer som må vente.

For at det nye systemet skal fungere best mogleg, ber vegvesenet bilistane om å gjere følgjande:

Køyr heilt inn til stopplinja ved lyssignalet slik at bilen vert registrert av følaren som er monter i vegbanen.

Vis omsyn til signalreguleringa.

Hald kort avstand til bilen framfor deg.

Statens vegvesen utfører arbeidet på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune.