Det ulukkesutsette Hasundkrysset er ikkje på prioriteringslista til Statens vegvesen.

Sjef for plan- og trafikkseksjonen i Statens vegvesen i Møre og Romsdal, Lisbeth Smørholm, er fullt klar over farane ved Hasundkrysset i Ulstein. Likevel er det lite ho og kollegaene i vegvesenet får gjort på noverande tidspunkt.

– Hasundkrysset står rett og slett ikkje på prioriteringslista vår no. Fylket har ikkje pengar. Det er sjølvsagt beklageleg, for vi skulle gjerne løyst alle flokane i trafikken i heile fylket. Akkurat det krysset kjenner vi godt til, og vi veit at det har blitt nemnt fleire gonger opp gjennom åra at noko må gjerast, seier Smørholm til Vikebladet Vestposten.

Oppfordring til kommunane

Plan- og trafikksjefen fortel at ho dei siste vekene har hatt møte med representantar frå alle kommunane på Søre Sunnmøre, og måndag ettermiddag var turen komen til Ulstein kommune.

– Hasundkrysset, krysset i Saunesmarka og fleire andre punkt blei nemnt under møtet med Ulstein kommune, seier ho og legg til:

– Eg vil gjerne gi ei oppfordring til kommunane om å komme med innspel når det kjem til større høyringar, og ikkje minst i forhold til neste investeringsprogram i 2017. Det er viktig at alle kommunane er på bana, og prioriterer sine tiltak. Vi får ikkje fiksa alt med ein gong, men det er ein fordel for kommunane om vi får tilsendt deira eigne, prioriterte tiltak, som dei ynskjer vi tek tak i, seier Smørholm.

– Ei kjend strofe, diverre

At vegvesenet seier fylket manglar pengar, er ikkje så uvanleg, fortel avdelingsleiar for drift- og anlegg i Ulstein kommune, Odd Kåre Wiik. Han meiner strakstiltak kan gjerast, utan at det vil koste så mykje.

– Det er ein kjend strofe det, diverre. Dersom krysset skal stå der trafikkfarleg i ei heil planperiode eller over eit tiår, så er det absolutt ikkje akseptabelt. Eg meiner det er noko vegvesenet kunne gjort likevel, nemleg det å få sett ned farta. Det hadde ikkje kosta vegvesenet spesielt mykje pengar, det kunne dei i det minste gjort. Eg meiner at dersom det er trafikktryggleik vi snakkar om, så hadde redusert fartsgrense i dette krysset hjelpt mykje, seier Wiik.