Regjeringa vil gjere det lettare for folk å velje sykkelen og har saman med KrF og Venstre fått på plass ei eige tilskotsordning for gang- og sykkelvegar. Første søknadsrunde for ordninga er no i mål. 23 kommunar/fylkeskommunar får til saman 95 millionar kroner for 2014/2015

- Tilskotsordninga er eit av fleire tiltak for å legge til rette for meir sykling. I tillegg til auka løyvingar arbeider vi med forenklingar i regelverket og med å finne måtar for meir effektiv utbygging av sykkelvegar, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Det er Statens vegvesen som har ansvaret for å forvalte tilskotsordninga på vegne av Samferdselsdepartementet. Dei fekk inn til saman 110 søknadar frå 59 søkarar om ekstra tilskot til gang- og sykkelvegtiltak.

Alle kommunar og fylkeskommunar var invitert til å søke, men søknader frå såkalla sykkelbyar (byar/byområde som har inngått forpliktande avtaler om auka satsing på sykkel) er prioritert.

Det er ingen kommunar i Møre og Romsdal som har fått av desse pengane. I Sogn og Fjordane er det berre ein kommune som har fått: Flora har fått ein million kroner til sykkelparkering.