I fleire veker har det vore arbeid på gang i rundkøyringa ved Quality Hotel Ulstein og Europris. I midten av april kunne Torbjørn Vatnehol i Statens Vegvesen røpe til Vikebladet Vestposten at der kjem ein svær steinskulptur.

No er det støypt tre solide fundament i rundkøyringa. Assisterande rådmann, Verner Larsen, i Ulstein kommune kan ikkje røpe kva som kjem i rundkøyringa, anna enn at det er eit kunstverk som næringslivet har gjeve. Her er Ulstein kommune mottakarar av ei gåve.

Kunstverket vil kome opp ein gong før 17. mai, så blir det formell opning i midten av juni.

Frå før har det kome på plass ein statue i rundkøyringa ved Blåhuset. Og i rundkøyringa ved Amfi vil det kome ein Hødd-skulptur.