Hundeeigar Peggy Sulebakk fortalde tidlegare tysdag at hunden hennar Torres hadde vore vekke sidan klokka halv elleve.

Torres er 3 år og av hunderasen Bichon Havanese. Han er 4-5 kilo.

Ho leverte han i hundebarnehagen på Skeide klokka ti, ein time seinare ringte dei henne på jobb og sa at hunden hadde stukke av. Torres hadde sin første dag i barnehagen. Peggy kan opplyse om at Torres ikkje er så glad i folk, han kan knurre.

No er Torres funnen, melder Peggy.