Når bnr 302 ved Ulstein Verft blir ferdigstilt mot slutten av året, vil giganten måle nesten 160 meter og vere 30 meter brei. I mange månader har det gigantiske framskipet vore under bygging. Tysdag denne veka var det ein ny viktig milepæl i prosjektet, då kom akterskipet fram til verftet.

Skipet er det største til no som er bygd ved Ulstein Verft. Gjennom mange månader har teikningar vorte utarbeidde, seksjon på seksjon har vorte bygd, og utstyr sett på plass. Medan vinterstormane har rast utanfor nova, har forskipet sakte røyst seg og teke form inne i dokkhallen. Dei siste elleve dagane har akterskipet vore på veg frå Polen. Akterskipet er gigantisk nok i seg sjølv, og måler nesten 100 meter i lengda og har ei vekt på nesten 6500 tonn.

- Dei to bitane skal no settast saman. Først må vi få akterskipet inn i dokka, og deretter skal det plasserast på fleire multiwheelerar, som sakte skal flytte det inn i dokkhallen der forskipet ventar. Vi er godt vane med å sette saman skrogdelar, men med to så store blokker er vi over i megaligaen, fortel Per Svein Brekke, som er prosjektleiar ved Ulstein Verft.

Skipet er eit avansert subseaskip som er eigd i fellesskap av Island Offshore i Ulsteinvik og Edison Chouest Offshore i USA.