- SV har lang tradisjon for å markere 1. mai, ofte i lag med med fagrørsla, solidaritetsrørsla og miljørørsla. I år feirar Hareid SV og Ulstein SV dagen med felles frukost og innhaldsrikt program der alle er inviterte til å vere med, sa lokallagsleiaren i Ulstein SV, Elin Pedersen, til lokalavisa i forkant av arrangementet.

Det heile starta med ein appell frå nemnte Elin Pedersen.

- For SV handlar 1. mai om å stå opp mot framandfrykten og ekstremisme. 1. mai er ein viktig dag for å markere internasjonal solidaritet, seier Pedersen i starten av sin appell.

Ho valte også å kritisere Jonas Gahr Støre og Ap, som ho meiner ikkje innfrir landsmøteløftet om å stå på kravet om å ta i mot 10.000 syriske flyktningar.

- Det varmar eit gammalt SV-hjarte når vår leiar Audun Lysbakken så seier at SV ikkje leflar med Høgre i flyktningsaka. Vi vil hjelpe både dei i nærområdet og flyktningane. Vi vil ha eit varmare samfunn, eit samfunn som inkluderer, seier Pedersen vidare.

For appellen fekk Elin Pedersen stor applaus for, frå dei frammøtte på Skollebakken Aktivitetshus.

Dikt, føredrag og song

Unni Takseth var neste på programmet. Ho las to flotte, eigenkomponerte dikt for forsamlinga. Så var det klart for ein tradisjonsrik 1. mai-lunsj.

Etter litt mat og drikke var det klart for ornitolog Alv Ottar Folkestad, som er fjerdemann på Ulstein SV si liste, som heldt føredraget "Havet, ufatteleg stort men også vanvittig sårbart".