Den som samla inn mest til prosjektet, er ei av dei som sjølv har vakse opp på heimen for dei foreldrelause jentene i Ilula, og som no går på internasjonal linje på SUFH. Ho heiter Mwanaiba, og samla inn over 23.000 kr.

I tillegg til elevar og tilsette ved skulen, hadde både speidarar og andre familiar og enkeltpersonar møtt opp, og alderen på deltakarane strekte seg frå 5 til 50 år. Målet med løpet er å få flest (og størst) mogleg sponsorar som gjev deg ein fastpris eller pris pr.runde på 1 km som du spring. Løpet varer 1,5 time, og det er altså ikkje først og fremst eit løp mot kvarandre, men eit løp med felles innsats for å skaffe størst mogleg beløp til prosjektet.

Samlinga starta med musikk, oppvarming og dans frå scena slik at alle fekk blodsirkulasjonen i gong i det kalde veret. Deretter heldt elev ved internasjonal linje Kjersti Jåvold Landmark ein inspirerande og god appell, og påpeikte at dette løpet strekker seg mykje lenger enn noko maraton.

Kreativiteten var stor

Startskotet gjekk presis kl.11.30, og store og små starta sankinga av rundar. Kreativiteten var stor, og her var folk som hadde kledd seg ut, sjonglerte med dei gjekk, gjekk på stylter, sprang med surfebrett, hadde handlekorg, hadde bunde seg saman, song og spelte++ Alt for å gjere seg interessante for sponsorane. Det var lov både å gå og ta seg pause med sveler og kaffi, men når klokka var 13.00 måtte alle stoppe og levere inn startnummer med kryss for kvar runde.

Etter litt utstrekking og sjekk av lister, var det klart for utdeling av gåvekort som var sponsa av Intersport (Straumane Sport). Det vart delt ut premiar både til dei med flest rundar (gutar og jenter over og under 16 år), best kostyme, og premie i «open klasse», som gjekk til speidargruppa «Rev» for godt oppmøte og innsats for andre. Sjølve hovudpremien (Ipad) til den som hadde samla inn mest pengar, gjekk til Mwanaiba. Pengane vert formidla vidare til Ilula gjennom KFUK-KFUM Global.

Takkar for innsatsen

Det finnast eit afrikansk ordtak som seier «mange små menneske som på mange små stadar gjer mange små ting, kan forandre verda». Dette vart bevist under Globalløpet i Ulsteinvik. Sunnmøre Folkehøgskule takkar alle deltakarar, sponsorar og kommune for innsats og velvilje, og håper at endå fleire vert med på Globalløpet neste år.