– I dag fekk vi vite at Bharat, som er som ein son for oss, har fått med seg familien sin frå Katmandu og kome seg til ein annan by, der dei har tilgang på vatn og mat. Det har vore heilt forferdeleg å ikkje vite. Vi har sove svært dårleg dei siste nettene, seier Lilly Haanes. Ektemannen Karl Johan nikkar.

Vikebladet Vestposten besøkte ekteparet heime i stova si på Skredestranda i Sande kommune.

Frå 1990 til 1996 jobba begge to i Nepal. Dei opplevde den demokratiske revolusjonen det første året dei jobba der. Både Lilly og Karl Johan jobba for å legge betre til rette for psykisk utviklingshemma i Nepal.

– Eg var leiar for prosjektet som Norsk Forbund for Psykisk Utviklingshemmede hadde i Nepal. Hovudoppgåva var å byggje ut foreldreorganisasjonen på landsbasis. For at vi skulle få foreldra interesserte, måtte vi lære dei at det var hjelp i å gi opplæring til psykisk utviklingshemma, seier Karl Johan, som er utdanna spesialpedagog, og som hadde god nytte av det i Nepal.

Kona Lilly reiste rundt i landet saman med lokale folk, og prøvde å finne tak i klasserom der foreldreorganisasjonane kunne ha sin base. Då ekteparet bestemte seg for å flytte heim til Norge hadde dei fått på plass over 80 lokallag over store delar av Nepal.

– Eg fekk ei toårskontrakt då eg byrja, som blei til seks år. Då vi passerte 80 lokallag tenkte vi at nok var nok. Også barnebarna byrja å etterlyse oss, så då var det greitt å reise heim, seier Karl Johan.

Reiselysten vakna med biltur

Då borna til Lilly og Karl Johan var 13, 15 og 18 år gamle, selte familien huset sitt og kjøpte ein bubil. Med den reiste familien på fem rundt i Sør-Europa og Nord-Afrika i eitt år.

– Slik vakna reiselysta i oss for alvor. Jobben i Nepal kom meir tilfeldig. Eg var med på å forme HVPU-reforma (Helsevernet for psykisk utviklingshemma), som handla om å bygge ned dei store institusjonane for psykisk utviklingshemma kring om i landet. Eg såg så ei utlysing om ein jobb som representant for NFPU (Norsk Forbund for Psykisk Utviklingshemmede) i Asia, søkte på jobben, og fekk den.

Dermed flytta dei til Nepal.

La sin elsk på Nepal

Ekteparet er forståeleg nok svært glade i landet. Karl Johan tok med underteikna rundt i leilegheita og viste fram bønnetrommer, bilete og andre artefaktar. Karl Johan og Lilly byrja å reise tilbake til landet etter at dei hadde flytta heim igjen, og hadde også med seg venar på turane.

– Det blei ganske så populært, og dei som var med oss ville gjerne tilbake. Vi fann ut at dersom vi skulle halde fram med dette så var det like godt å danne eit eige firma. Slik blei Arkoreiser til, seier dei.

Tenkjer på nepalesarane

Lilly og Karl Johan trippa spent rundt på stovegolvet. Dei venta på å få høyre igjen frå ein heilt spesiell person, som dei kjenner svært godt.

– Vi har god kontakt med ein mann som heiter Bharat. Han møtte vi når han berre var ungdommen. Han starta å organisere turar for turistar saman med ein kamerat, og i dag eig han eit av dei største reisebyråa i Katmandu.

Sist dei høyrde ifrå Bharat var laurdag, og medan Vikebladet Vestposten var på besøk tysdag denne veka, var det ingen svar å få på telefon. Like før denne avisa gjekk i trykken fekk Vikebladet Vestposten vite at Lilly og Karl Johan hadde høyrt igjen frå Bharat og hans familie.

– Vi er så glade! Dei har det etter forholda bra, og er no i byen Nalang. Der har dei det trygt, forsikrar Karl Johan.

Ekteparet Haanes har som sagt unik kjennskap til Nepal. Dei fortel at for å komme fram til dei ulike buplassane oppe i fjella er det enno slik at ein må ta seg fram på smale stiar, og somme stader opp fleire tusen trappetrinn.

– Landet består av smale dalbotnar og resten fjell. Landsbyane nærmast heng på dei bratte åssidene. Å komme seg fram til stader i fjellet er knalltøft. Vi har hatt med oss grupper opp i fjella på desse smale stiane. Eg tenkjer berre på korleis det no er for redningsmannskapa som skal ta seg fram til landsbyane oppe i fjella. Eg tør nesten ikkje tenkje på det, seier Karl Johan.

– Eit venta jordskjelv

Himalaya er eit produkt av at Indiaplata og Eurasiaplata har vore på kollisjonskurs i mange millionar av år. For litt over 80 år sidan blei New Road bygd i Katmandu sentrum. Den blei bygd opp etter eit jordskjelv som øydela den delen av byen, fortel Karl Johan. Skjelvet som kom laurdag var eit venta skjelv, fortel dei to.

– Vi blei kjent med misjonærar som hadde budd i Nepal sidan 60-åra, og dei fortalde oss at det blei mykje omtala når det neste store skjelvet skulle kome. Ingen visste når det skulle kome, men det var ikkje uventa, seier Lilly.

Det har allereie kome fram i media at faren for epidemiar er stor. Folket i hovudstaden har heller nesten ikkje tilgang på vatn, då straumen er vekke, og pumpesystema ikkje fungerer. Avløpssystemet i byen var ikkje godt frå før av, mykje fordi Katmandu ligg i ein dalbotn, men etter skjelvet er det ekstra ille, fortel Karl Johan.

– Vi kjenner folk i alle delar av landet. Vi håpar sjølvsagt at alle vi kjenner har det bra, seier Lilly.

Ber for folket

I dagane etter naturkatastrofen har det versert ulike bilete og videoar av det media karakteriserer som plyndring av butikkar i Nepal. Dette stemmer ikkje, meiner Karl Johan Haanes.

– Ja, dei tek seg inn i butikkar, men dei deler med andre. Det er typisk nepalsk å hjelpe kvarandre, og det er det dei gjer.

Statsreligionen er hinduisme. Kastesystemet, som blei offisielt avskaffa ved lov i Nepal i 1959, er den dag i dag framleis til stades. Nettopp denne inndelinga av folket, og busetnadsmønsteret som har oppstått på grunn av det, er også viktig element i forhold til kven som blei ramma av skjelvet, meiner Karl Johan.

– Overklassen bur i godt konstruerte hus, og har nok klart seg godt. Dei som er så uheldige å vere ein del av dei lågare kastane, bur gjerne i gamlebyen i Katmandu, og elles i hus av kuskit og leire.

Lilly og Karl Johan har altså fått vite at det står bra til med mange av sine, men ber no for resten av folket, som i lang tid framover vil slite med etterdønningane av den enorme naturkatastrofen.