Fredag ettermiddag var rundt 60 frammøtte frå Arbeidarpartiet sine lokallag i Ulstein, Hareid og Herøy samla på Aktivitetshuset på Vikholmen. Sekretær i LO Søre Sunnmøre, Therese Hjelmeseth, heldt appell. I appellen fokuserte ho på dagen 1. mai, og kva den betyr for det norsk folk, og for verda elles.

- 1. mai er dagen vi står side om side med våre kameratar, nasjonalt og internasjonalt, sa Hjelmeseth i sin appell.

Ottar Kaldhol las så eit vårdikt av Helge Stangnes, før han song ein islandsk song, "Rosa mi", som nyleg har blitt omsett til norsk.

- Dette blir vel ein form for urpremiere, sa Kaldhol før han byrja å synge.

- Vi skal vinne!

Etter ei lita matykt var det klart for dagens høgdepunkt. Talar for dagen var Ulstein Arbeidarparti sin ordførarkandidat, Magne Grimstad jr.

Heilt i starten av talen kom Grimstad jr. med ei setning han truleg kjem til å nytte ved fleire høve fram mot det spanande kommunevalet i haust.

- Eg har ei god nyheit til dykk. Vi skal vinne valet!, sa ordførarkandidaten klart og tydeleg, til stormande jubel frå salen.

Rosa Ottar Kaldhol

Grimstad jr. heldt fram starten på sin tale med å rose sin partifelle og sitt politiske idol Ottar Kaldhol.

- Politikk handlar om menneske, har Ottar sagt. Eg kjem til å nytte dette flotte sitatet så lenge eg er aktiv innanfor politikken, seier Grimstad jr.

Han meiner det i dag, meir enn nokosinne før, er viktig å tenkje fellesskap.

- Vi er ikkje einslege øyer, vi er eit fellesskap som trivast best saman, seier han vidare.

- Eg er eit resultat av det arbeidarrøsla har kjempa for. Eg er ein del av det sosialdemokratiet som sidan starten starten i 1892, har peika på at oss sjølve, du og eg, kan vere med på å påverke samfunnet.

Fokuserte på innvandring

Grimstad jr. ønskja så å rette fokus på innvandring, og korleis det norske samfunnet tek i mot sine nye medborgarar.

- Vi må hindre utviklinga av eit klassedelt samfunn. Dei viktigaste verkemidla er ein god felles skule, arbeid for alle, bustad for alle, og ei tilrettelegging av deltaking i samfunnet. Det vere seg fritidsaktivitetar og frivilligheit til dømes. Enkelte politiske parti ser på innvandring som eit problem. Slik skaper vi samfunn der ein mistenker kvarandre, seier han og legg til:

- Innvandring er ein rikdom for samfunnet vårt. Det har det vore, det er det no, og det vil det for alltid vere. Alternativet er eit snevert og fordomsfullt samfunn.

Trur på ny, reinare teknologi

Grimstad jr. fortalde forsamlinga om oljerikdommen til Norge, det at Norge kan ha funne ein kreftmedisin, og sist men ikkje minst at Audi nyleg har utvikla eit drivstoff som kan revolusjonere bilindustrien i verda, men også industriar mykje nærare oss.

- Eg trur at både Kleven og Ulstein vil vere blant dei fyrste til å ta i produsere skip som går på CO2-nøytralt drivstoff. Vi vinn ikkje over dei menneskeskapte miljøutfordringane ved å gå tilbake til steinalderen. Det gjer vi berre ved å utvikle nye og betre teknologiar.

Grimstad jr. avslutta med sin parole for 1. mai 2015.

- Det er arbeid, fritid og kvile. Arbeidarrørsla har gått føre og kjempa kampen, for at vi har fått det betre. Til hausten skal vi vinne valet, sa han avslutningsvis.