Utanom to tilfelle av vald i nære relasjonar, i Ålesund og Volda, hadde politiet på Sunnmøre hendene fulle med å ta seg av feststemte russ. Det har i løpet av natta komt inn mange meldingar frå publikum om bråk frå russen, mellom anna frå Emblemssanden, Magerholm og Ørsta/Volda. På Flisnes og Myrabakken blei russ i følgje meldar skotne på med paintballkuler.

Køyrde utan førarkort

Politiet stoppa og kontrollerte ein bil i Ulsteinvik, og det viste seg at føraren, ei kvinne i 20-åra, ikkje hadde førarkort for køyretøyklassa bilen tilhøyrer. Kvinna blei meldt av politiet for dette.

Trafikkuhell på Skeide

Det blir oppretta ei trafikksak etter at ein mann i slutten av tenåra hamna utfor vegen og køyrde inn i eit trafikkskilt på Skeide. Det var ingen personskade på mannen, og politiet melder saka vidare til Statens vegvesen.

- Grunnen til utforkøyringa blir opplyst å vere at det hadde lagt seg slaps i vegbana, og bilen mista så veggrepet, skriv operasjonsleiar Kenneth Sætre i Sunnmøre politidistrikt i loggen.

Bilen hadde ifølgje politiet vinterdekk.