Donasjonane har strøymt på sidan presenningsdugnaden starta i går ettermiddag. Pengar har blitt donert til formålet frå Nord-Norge i nord til Danmark i sør.

- Det har tatt heilt av, og det er svært gledeleg. No håpar vi endå fleire vil hjelpe oss, slik at fleire får tak over hovudet, seier ekteparet Børre Waagan og Monika Haanes Waagan til Vikebladet Vestposten.

Dei håper at fleire av bedriftene her i regionen vil vere med på å støtte presenningsdugnaden.

- Donasjonane vi har fått til no er mest frå privatpersonar, men vi håpar sjølvsagt små og store bedrifter og selskap i regionen vil vere med å støtte når det blir arbeidsveke igjen på måndag, seier Monika.

Dei har sett seg eit første mål, som er å gje tak over hovudet til 600 nepalske familiar.

- Til dette treng vi 350.000 kroner, som er nok til å fylle ein lastebil med 600 presenningar, frakte dei til Kathmandu og distribuere presenningane i Dhading-distriktet, nær episenteret for jordskjelvet, seier Monika og Børre.

Får hjelp av leverandør

Haugsbygda-bedrifta Plany AS, som Børre Waagan er administrerande direktør for, bidreg med sitt nettverk og unike kompetanse på presenningar. Dei har etablert kontakt med sin samarbeidspartnar Garware Wall Ropes i India, ei verksemd som produserer presenningar for Plany AS. Det er denne indiske leverandøren som har teke på seg oppdraget med å hjelpe å kutte og sy til presenningane som skal til Nepal. Når lastebilen er full, med 600 presenningar på i alt 9 tonn, køyrer den rett til Nepal.

- Leverandøren var tilfeldigvis på besøk med oss no nyleg, og det var då vi blei einige om å bidra med dette. Når vi får gjort arbeidet i India, veit vi at det kjem dit det skal, så raskt som vi berre kan få det til. Vi får dessutan mykje for pengane, fortel Børre Waagan, som legg til:

- Presenningane er på 6 gonger fire meter, og er ikkje større og tyngre enn at dei er enkle å bære med seg. Det er spesielt viktig i Nepal, med så mange avsidesliggande plassar høgt oppe i fjella.

Godt samarbeid

Kona Monika er dagleg leiar og eigar av Ulsteinvik-baserte Akka Tekst, som har designa nettstaden der ein kan gå inn og donere pengar til det gode formålet.

Foreldra til Monika, Lilly og Karl Johan Haanes, driv reiseselskapet Arkoreiser AS, som gjennom fleire år har arrangert turar til Nepal, og difor har ein unik kunnskap om området.

I torsdagsutgåva av Vikebladet Vestposten var underteikna på besøk med Lilly og Karl Johan i heimen deira på Skredestranda, og blei fortald om Bharat, ein mann som betyr svært mykje for dei. Han er også kontaktpersonen for presenningsdugnaden, gjennom sitt selskap Alpine Explore Nepal, eit av dei største reiseselskapa i Katmandu.

- Det er han som har signalisert til sine kjende i Norge at tak over hovudet no er førsteprioritet å få tak i. Kirkens Nødhjelp, Røde Kors og Redd Barna har allereie komt på plass, og sikra svært mange mykje av det dei treng gjennom ein suveren førsteinnsats. Vi kan supplere, ved å gi mange familier tak over hovudet, seier Børre Waagan.

- Gjer dette på dugnad

Køyreturen frå fabrikken i India til Nepal tek omlag 35 timar, og i Nepal sørger Alpine Explore Nepal og Bharat Regmi, for at presenningstaka kjem fram til familiar som har mista heimane sine i jordskjelvet.

- Vi gjer dette på dugnad og håpar at alle våre samarbeidspartnarar, private og bedrifter, gamle og nye vener blir med på dugnaden, seier Monika Haanes Waagan og legg til:

- For 500 kroner kan du gje presenningstak, livsviktig skugge og ly mot regnet til ein familie.

Nettsida finn du her: Presenningsdugnad 2015