- Kvitløk kurerer ikkje kreft, så enkelt er det, seier Jørgen Skavlan til Vikebladet Vestposten.

Skavlan har dei siste åra vore ein ofte sitert allmennlege i norsk media. Som bror av TV-programleiar Fredrik Skavlan og far til designer og TV-programleiar Jenny Skavlan, har han ikkje akkurat blitt mindre kjent. Han er også kjent for å vere frittalande og ha sterke meiningar, og han er ikkje spesielt overtydd om verknaden til ein del naturmedisinar og alternative behandlingar knytt til læking.

Vikebladet Vestposten sender Skavlan kopi av saka om Hallbjørn Hareide, som meiner han har blitt frisk frå prostatakreft på eit nepalsk kjerringråd, kvitløk og akevitt. Det skal også takast med at det tydeleg står i artikkelen om Hareide, at skulemedisinen ikkje må kuttast.

- Kva tenkjer du når du les om denne "mirakelkuren"?

- Lat oss hugse på eit par ting. "Mirakelkurar" er generelt sett "mirakel". Eg er vel sopass rasjonell at det fell litt utanfor, slik som englar og universelle energiar. Vi veit at 1-2 prosent av kreft kan gå i spontan læking grunna immunologiske faktorar. Ikkje grunna akevitt og kvitløk, diverre, seier Skavlan.

- Læking eit relativt begrep

Han trur det er svært lite sannsynleg at legemiddelindustrien ikkje allereie har tenkt tanken på å utvikle ein medisin ved bruk av kvitløk, om det faktisk hadde nokon form for verknad.

- Verdas farmasøytiske industri nyttar 1.000 milliardar kroner årleg på forsking. Dei let aldri ei moglegheit gå forbi og er rimeleg framoverlente. At verdas farmasi og medisinske forskingsmiljø har oversett noko her er ikkje noko eg kan ha stor tru på. Læking er også eit relativt begrep. Det kan ein snakke om etter 2 til 10 år. Med dei aller fleste som har blitt såkalla "kurert", kjem kreften tilbake. Då er saka ferdig, og avisene skriv ikkje at lækinga var kortvarig, seier Skavlan avslutningsvis.

Er erklært kreftfri

Fascinerande