Ved fleire høve dei siste åra har det oppstått problem mellom utanlandske steinleggarar og privatpersonar, der steinleggarane anten har utført arbeid utan å ha godkjenning for det, eller at dei rett og slett har gjort dårleg og mangelfullt arbeid.

- Nokre er meir useriøse enn andre, men bruk for all del sunn fornuft om nokon kjem på døra, seier operasjonsleiar Ole Bjørn Harang i Sunnmøre politidistrikt.

Han fortel at Sunnmøre politidistrikt har fått inn mange bekymringsmeldingar det siste døgnet frå folk i Ålesunds-regionen. Han trur derimot ikkje det tek lang tid før også Søre Sunnmøre får besøk.

- Tidvis er dei ute på Søre også, og etter det vi kjenner til, er det snakk om fleire ulike grupper som reiser rundt. Eg gjentek det, ver aktsam når dei bankar på døra, og inngå ikkje avtalar de ikkje er komfortable med, seier Harang.

- Bryt ikkje lova

Dei aller fleste av dei utanlandske steinleggarane kjem frå land Norge har EØS-samarbeid med, og det er difor ikkje ulovleg å tilby handverkstenester i landet.

- Det kan vere ei lovleg verksemd dei driv, og dei fleste bryt ikkje lova med å tilby sine tenester, seier operasjonsleiaren.

Han poengterer likevel at ein raskt kan hamne i lite kjekke situasjonar om ein ikkje er klar på kva ein ønskjer, eller ikkje ønskjer.

- Ingen gjer noko gratis, verken norske eller utanlandske handverkarar. Vi har opplevd at folk kontaktar oss fordi dei har hamna i ein lei situasjon, der handverkarane har vore aggressive og i somme tilfelle trugande. Det er ikkje så lett å seie nei, og be dei om å gå, fortel Harang.