Politiet på Sunnmøre har natt til søndag hatt mykje å gjere. Det har blitt meldt om bråk frå russen fleire stadar på Sunnmøre, men det har også skjedd ein del anna. I Ulsteinvik har politiet to gonger natt til søndag vore nøydde til å rykke ut. Det første tilfellet var då ein mann i 30-åra blei tatt med i arresten etter å ha forårsaka bråk ved ein utestad. Litt seinare på natta var det ein mann i 50-åra som laga bråk utanfor ein utestad i sentrum, og på grunn av dette blei teken med i arresten.