- Dette var trist å sjå. Tidlegare år har russen vore veldig flinke til å rydde opp etter seg. Bygda har vist russen respekt når dei har vore her. Dei har oftast slutta av når klokka blei elleve, og har stort sett rydda opp etter seg. Difor var det eigentleg eit sjokk når eg kom ned hit og såg det på nært hald. Bygda viser respekt for russen, men russen har i dette tilfellet vist for lite respekt for bygda, seier Joar Ødegård.

Ødegård bur ikkje så langt frå Eiksundstranda, og kunne sjå det glinsa av tomme ølboksar og flasker frå stovevindauget sitt.

- Eg tok meg ein tur ned for å sjå kor det såg ut, og blei vel ikkje akkurat direkte imponert det eg såg, seier Ødegård.

- Enkelt å sjå kven som har vore her

På området rundt borda og benkane låg det fleire titals tomme ølboksar og flasker, både heile og knuste, og det flaut med små bitar av innpakningsplast, papp, klede og russekort.

- Det er jo enkelt å sjå kven som har vore her, seier Ødegård med eit smil.

Han poengterer at han ikkje har noko mot russen, og ønskjer dei skal ha ein fin feiring, men at dei kunne tenkt seg om og rydda etter seg i det dei reiste frå Eiksundstranda.

- Mai er sjølve konfirmasjonsmånaden, og det er sikkert dei som hadde tenkt å ta konfirmasjonsbilete her nede. Dessutan kan dyra og fuglar komme til å ville undersøke søppelet, og skade seg på glasbrot og små plastbitar. Dette er jo litt motstridande når ein i desse tider har mykje fokus på den komande Strandryddedagen, seier Joar Ødegård avslutningsvis.

Russen vil rydde så raskt som råd

Vikebladet Vestposten har vore i kontakt med Ulsteinrussen, som legg seg langflate.

- Dette var ei samling for russen frå Ulstein og omegn. Vi skal rydde opp så snart som råd, det lovar vi, seier russepresident Frida Eliassen Kristiansen.