No var nok lokalavisa litt raskt ute, for berre rundt ein halvtime etter at Vikebladet Vestposten var på Eiksundstranda, hadde Ulsteinrussen byrja å rydde vekk søppel og anna rot.

- Vi hadde sjølvsagt ingen intensjon om å berre la det ligge, vi tek ansvar og ryddar til det ser ut slik det var, seier russepresident Frida Eliassen Kristiansen.

Ho fortel at Ulsteinrussen sin ryddekomité hadde planar om å rydde etter seg nok så tidleg søndag ettermiddag, men at lokalavisa kom dei i forkjøpet.

- Vi ynskjer ikkje å ha på oss at vi ikkje ryddar etter oss. No er det reint og fint, fortel Kristiansen.