- Alle tilstelningar av den typen vi hadde 1. mai har som regel loddsal. Vi bestemte oss same dagen at inntektene av dette loddsalet skulle gå uavkorta til Nepal. Men, vi visste ikkje heilt korleis og kven som skulle få det. Det var først dagen etter vi oppdaga Presenningsdugnaden som Plany AS, Akka Tekst og Arkoreiser har fått i stand. Då var valet enkelt, seier Hanne Notøy i Ulstein Arbeidarparti.

Les også: Har allereie fått donasjonar til 100 tak

Med seg i møte med underteikna hadde ho sekretær i LO på Søre Sunnmøre, Therese Hjelmeset. Notøy, Hjelmeset og Lise Mette Jelle snakka seg i mellom, og blei einige om at dette lokale initiativet ville dei støtte.

- Det er no fleire hundre tusen som ikkje har tak over hovudet i Nepal. Når katastrofa blir så enorm, så kjenner ein seg litt hjelpelaus. Vi skulle jo gjerne ønskje at menneska i Nepal får tilbake heimane sine på eit blunk, men det veit vi jo ikkje går. Vi prøver no å legge vekk tanken om å hjelpe absolutt alle, men hjelpe nokre. Å gi menneske tak over hovudet ser vi på som ei fin støtte, seier Notøy.

Oppfordrar andre til å bidra

I alt 3.000 kroner var inntekta frå loddsalet, og pengane går uavkorta til Presenningsdugnaden.

- Det betyr at seks familiar får tak over hovudet. vi vil komme med ei oppfordring til andre i regionen, både privatpersonar, organisasjonar og næringslivet, bidra du også!, seier Therese Hjelmeset.