Valentina Ytrebø i Kaldholen går ofte tur på Rotarystien langs Hareidselva. For eit par dagar sidan klarte ho å ta bilde av fuglen.

- Han stod på ein stein like ved Melkebrua, og no har han vore her i fleire dagar, fortel Ytrebø, som trur det må vere ei mandarinand.

Det trur også fuglekjennaren Kjell Mork Soot når vi kontaktar han.

- Mest truleg er dette ein fugl som er på rømmen frå fangenskap. Mandarinanda rugar i Sør-Amerika, men blir utsette parkar til dømes i England. Oftast blir vengene klipte, slik at dei ikkje skal rømme, men når det ikkje skjer, stikk dei av, fortel Mork Soot.

Mandarinender kan klare seg godt i Norge sommarstida, men vil søkje seg til varmare strøk ut på hausten.

- For nokre år tilbake var det ein mann i Oslo som hadde ein god del tame mandarinender. Men under ein sterk salutt vart dei skremde og flaug sin veg. To dagar seinere vart dei observerte i England.

- Burde ikkje sett ut canadagås

På same måte som mandarinanda er sett ut frå Sør-Amerika til England, trekkjer Mork Soot fram Canadagåsa som eit liknande prosjekt.

- Canadagåsa er sett ut frå Canada til Norge for at jegerinteresserte skal ha noko å jakte på. Men det burde ikkje ha vore gjort. Ho fortrengjer andre fuglar, kommenterer han.

Hus til sandsvaler

Mork Soot  bur like ved Grimstadvatnet. Han har fleire foringsstasjonar i hagen sin, driv med ringmerking og har bygd eige hus for sandsvaler i hagen sin.

Sandsvalehuset vart bygd for 3-4 år sidan, men ingen svaler har førebels flytta inn. Sandsvalebestanden har gått tilbake med heile 85 prosent i Norge, og Mork Soot vil gjerne gjere sitt for å hjelpe bestanden opp att.

- Eg veit om ein kar i Rogaland som bygde sandsvalehus for 8 år sidan. Først i fjor flytta det inn sandsvaler. Så dei kjem nok hit også med tida.

Løvsongaren og raudstjerten er komen

Men elles er det mykje å glede seg over i naturen akkurat no.

- Løvsongaren er komen. Eg fanga fire for å ringmerke dei i dag. Raudstjerten er også komen, og låvesvala. Sandsvala er forresten observert i Hordaland no, så kanskje dukkar ho opp her også snart, seier Kjell Mork Soot.