Tal frå NAV syner at arbeidsløysa i Møre og Romsdal har auka med 81 personar siste månaden. Ved utgangen av april var 3479 personar heilt utan arbeid i fylket. Det vil seie 2,5 prosent av arbeidsstokken. 2129 av dei heilt arbeidsledige er menn, medan 1350 er kvinner. 81.569 var heilt arbeidsledige på landsbasis.

På søre Sunnmøre er det Hareid som har den største prosentdelen av arbeidsstokken som står heilt utan arbeid. Totalt står 100 personar heilt utan arbeid i Hareid kommune, noko som svarar til 3,8 prosent av arbeidsstokken. Samstundes er Hareid einaste kommunen på søre Sunnmøre der talet på heilt ledige går ned i løpet av april. Ved utgangen av månaden er det fire færre enn ved utgangen av mars.

Herøy med ein auke på 12 og Ørsta med ein auke på 14 er kommunane på søre Sunnmøre som har størst auke i talet på heilt ledige den siste månaden. Det er også desse kommunane som har flest heilt ledige på søre Sunnmøre. Herøy har 133, medan Ørsta har 137.

Volda har den lågaste prosentdelen av arbeidsstokken som står heilt utan arbeid, med 1,8 prosent. Deretter kjem Vanylven med 1,9, Sande med 2,1 og Ulstein med 2,3.

I Ulstein gjekk talet på heilt ledige opp med fem i løpet av april, og er no oppe i 99. Ulstein har hatt den største auken på heilt ledige samanlikna med same tid i fjor med 39, deretter kjem Ørsta med 32. Herøy og Sande har færre heilt ledige enn på same tid i fjor.

Sande er einaste kommunen på søre Sunnmøre der talet på heilt ledige kvinner er høgare enn talet på heilt ledige menn. 12 menn står heilt utan arbeid i Sande, medan talet på kvinner er 17.