Haddalbrua har vore stengt for biltrafikk i to veker. Grunnen til at brua er stengt er at Ulstein kommune legg nye leidningar for vatn og avlaup på brua. Brua er opa for gåande, men bilistar får ikkje køyre over brua. Kommunen skulle eigenleg vere ferdig med arbeidet i slutten av førre veke, men det er dei ikkje.

Odd Kåre Wiik i Ulstein kommune seier til Vikebladet Vestposten at dei treng i alle fall å arbeide ut denne veka også. Brua blir opna til helga, så får dei sjå når ho opnar igjen neste veke. - Eg har ikkje eksakt nokon dato, seier Wiik.