Kvart på seks i ettermiddag melde politiet på twitter at ein trailer har køyrd av vegen i Gjerdsvika i Sande kommune. Alle naudetatane rykte ut.

Heldigvis kom ingen personar til skade. Traileren hadde glidd av vegen i samband med møte med møtande trafikk.

Eit vitne Sunnmørsposten har vore i kontakt med har fortald at det var då traileren møtte ein buss han velta. Strekninga var rett, men vegen var smal.

Operasjonsleiar Arild Reite seier til Vikebladet Vestposten at bilen ligg heilt ut av vegbanen, så trafikken glir greitt forbi. Førebels er det ikkje klart når det blir bilberging. Når det blir bilberging blir nok vegen stengt. Han understrekar at det ikkje var personskade i ulukka. Politiet er i ferd med av avslutte arbeidet sitt på staden, det blir no ei sak mellom bileigar og bilbergar.

Det blir ikkje oppretta sak frå politiet si side.

- Det var rett og slett at traileren velta då han møtte annan trafikk. Der er trangt og smalt, han glei ut og velta. Det er sånt som kan skje, kommenterer operasjonsleiar Reite til Vikebladet Vestposten.