Priscilla Sjåstad er frå Filippinene, og har utdanninga si innan massasje, fotpleie og kosmetologi der frå. Ho har i fleire år tatt mot kundar i heimen på Saunes, men har no leigt seg inn i andre etasje i Sigrid Strand-bygget på Sanden.

Ein stor delegasjon filippinske kvinner hadde møtt fram for å vere med på opninga førre onsdag ettermiddag, og det var både snorklipping, ballongar, marsipan- og bløtkake, karamellpuddingar og anna snadder under opninga.

- Det er ikkje berre filippinske kvinner som kjem til meg. Eg har mange norske også på kundelista mi, til og med fysioterapeutar, smiler Priscilla og viser veg inn i det nye klinikkrommet sitt.

Sjølv om ho er lita og vever, har ho lært seg teknikkar som gjer massasjen effektiv for vonde nakkar og skuldrar.

Ansiktsrens med skuldermassasje, fotspa, slankemassasje og manikyr er blant det ho tilbyr ved Priscillas Fotspaklinikk.