Statens vegvesen har ein nasjonal kampanje for å få syklistar og bilistar til å bli flinkare til å dele vegen. Det er ikkje alle stader syklistane har eigne sykkelvegar å sykle på. Dessutan er gang- og sykkelvegane laga for skuleborn og andre som er ute på ein roleg tur. Dei er ikkje bygd for så rask fart som treningssyklistane held.

I gjennomsnitt døyr ein syklist kvar månad i trafikken. Dei alvorlegaste sykkelulukkene skjer fordi syklisten blir oversett. Klassiske situasjonar er at syklisten kjem i blindsona til store bilar, dei slurvar med å bruke lys og refleks eller gløymer å gje tydelege teikn. Det kan også vere bilistar som gløymer å sjå seg over høgre skulder og sjekke daudvinkelen eller slurvar med å bruke blinklys.

Aggressive bilistar

Ein ny rapport syner også eit høgt konfliktnivå mellom syklistar og bilistar. 70 prosent av syklistane har opplevd trugande og aggressive bilistar. Det er dei syklistane som sjølve er aggressive som opplever aggressive bilistar.

Fleire syklistar

Nasjonal transportplan legg opp til at me dei neste ti åra skal få dobbelt så mange syklistar. Det er bra for både folkehelsa og miljøet, men aukar faren for fleire ulukker og konfliktar.

– Både syklisten og bilisten bør gje og ta. Dei bør vise omsyn til kvarandre, seier Bård Aune, rådgjevar i Region Midt.

– Kva vil det seie? Når ein syklist har bak seg ei lang rekkje med bilar, bør han ikkje då sleppe dei forbi, eller er det berre bilisten som skal vise omsyn?

– Syklisten har ikkje lov til å danne ei lang kø bak seg. Då bør han sleppe bilane forbi. Det same gjeld bilar som køyrer sakt, bubilar og mopedar, svarer Aune. Her bør syklisten vise skjønn, køen treng ikkje vere så lang, det er nok at ein bil ligg bak syklisten lenge. Det er viktig å sleppe bilane forbi før dei byrjar med farlege forbikøyringar. Bilistane bør vise omsyn ved å sørgje for god plass til syklisten når dei køyrer forbi. Det må vere plass til at syklisten kan velte utan at han treff bilen.

– Kvifor er skiltet på bokmål?

– Er det det? Det skal det ikkje vere. Det er bestilt inn både bokmåls- og nynorskskilt.