- Dette hadde vi ikkje forventa. Eg trudde eigentleg berre vi skulle levere inn ei vassprøve, ikkje at det skulle bli at vi vart med i ein stor konkurranse. Dei må tydelegvis ha fått vite at vi har godt drikkevatn i Hjørungavåg, seier styreleiar i Hjørungavåg vassverk, Martin-Einar Pilskog.

Hjørungavåg vassverk er mellom sju vassverk i Møre og Romsdal, som er plukka ut som kandidatar til Møre og Romsdal sitt beste drikkevatn for 2015. Alle vassverk som leverer til meir enn 500 innbyggjarar kan delta, og alle deltakande vassverk må ha godkjenning frå det lokale mattilsynet.

Landsfinale på Fornebu

Kven som stikk av med den gjevaste prisen blir klart under ein konferanse på Scandic Parken i Ålesund førstkomande onsdag. Møre og Romsdal er fyrste semifinalestad av i alt 8. Landsfinalen er tysdag 19. april 2016, under Miljø og Kommunalteknikk 2016 i Telenor Arena på Fornebu.

Kåringa av vinnarar er i to klasser, grunnvasskjelder og overflatekjelder. Konkurransen arrangeras av Norsk Vann, KS Bedrift og Norsk Kommunalteknisk forening (NKF).