26. mai er det fylkesutval, og ei av sakene som leggast fram då gjeld ferjesambandet Hareid-Sulesund, der det har vore ønskje om ei tredje ferje ei god stund.

– Det har blitt forhandla fram ei tredje ferje i sambandet frå og med 24. august, seier Gunn Berit Gjerde til Vikebladet Vestposten.

Det er noverande reserveferje Høgsfjord som skal inn i sambandet som ei tredje ferje, og ho skal gå tolv runder per dag, ein gong i timen.

– Fyrste ferja vil gå 06.45 på morgonen, og siste går 17.45 på ettermiddagen, seier Gjerde.

Trur på stort fleirtal

Det skal sjølvsagt stemmast først, men Gjerde seier dei fleste av dei politikarane ho har hatt kontakt med meiner dei vil gå for forslaget.

– Eg er glad for at denne tredje ferja endeleg ser ut til å komme på plass. Eg reknar med det blir eit stort fleirtal når det skal stemmast over i fylkesutvalet om kort tid, seier Gjerde.

Manglar 100 mill. kvart år

Korleis skal så ei tredje ferje finansierast? Jo, med endå meir pengar som fylket eigentleg ikkje kan avsjå.

– No må vi nytte pengar vi eigentleg skulle nytte til asfalt, ferjekaier og sykkelvegar. Det vil gå ut over alt anna. Vi står framføre noke svært ubehagelege val framover, seier Gjerde, og rettar skytsen mot regjeringa.

100 millionar kroner vil fylket mangle kvart år, for å drifte vidare slik ein har gjort.

– Regjeringa set oss i ein svært vanskeleg posisjon. Prisen på anboda vi får presentert aukar langt raskare enn løyvingane vi får frå sentralt hald. Vi har ein jobb å gjere inn mot regjeringa, som ikkje har komt med meir pengar, pengar som vi treng sårt, seier Gunn Berit Gjerde.

Ullensvang tilbake til helga

Fylkesvaraordføraren har elles registrert at Ullensvang er på sitt årvisse verkstadopphald, og at ei mindre ferje (Høgsfjord) går inn i sambandet til og med fredag denne veka.

– Når Ullensvang er ferdig med dette opphaldet vil Norled ha nytta 17 av sine 21 tillatne «problem»-dagar i kontrakten. Dei har med andre ord berre fire dagar igjen av feilkvota si. Om det blir noko meir tull no, må dei stille med ei ferje som tilsvarer kapasititeten til ferjene som går der fast (120 bilar). Eg er svært spent på om dei vil kunne klare seg med desse 21 dagane, seier Gjerde til slutt.

Fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde meiner regjeringa har sett fylkespolitikarane i ein vanskeleg situasjon. Arkivfoto.